mandag, juni 02, 2008

Teateret er ferdig

Jepp, du las rett, eg er ferdig med teateret. Ferdig, ferdig, ferdig. Eg veit ikkje om eg er glad eller lei meg. Eg vil liksom ikkje at det skal vere over, slutt, finito. Det kan ikkje vere slutt no, tenkjer eg. Men så kjenner eg at eg er ferdig med dette stykket no.

Her kjem ein bitteliten smakebit:

______________________________
Jerte:
- Jaja, villle che gå glipp av shoppingå, du kjenne jo meg, men så kom eg che før nå fordi der skjedde noge på veien. E kaffien te m…?

Henrik:
- Hilde, hu komme snart.

Jerte:
- Åh.

Elias:
- Du kan få min, om du vil?

Jerte:
- Neida, det går bra..

Elias:
- Nei, serri, eg orke che marr, her! Men du, du svarte che på mellingane før i dag?

Jerte:
- Takk, Elias.. Eg sko..(blir avbrutt)

Henrik:
- Ka meldinga då?

Elias:
-Ikkje te deg, men te Jerte!

Jerte:
- svara, men så..

Henrik:
- Ka meldinga då?

Elias:
- Gløm det… Ka så skjedde på veien, Jerte?

Henrik ser på klokka.
______________________________


Gud det er rart å skrive blogg att!

lørdag, mai 31, 2008

Slik skal nordmenn vere

Lærarane våre er i streik. Difor fekk me fri frå skulen på fredag. Og kanskje måndag og tirsdag. Kanskje ut veka, me veit ikkje. Ikkje at det gjer noko; me hadde nok hatt nestenfri likevel. Ka er eigentleg dette med at ein alltid på slutten av skuleåret ikkje har noko å gjere på?

Nei, det var ikkje det eg skulle snakke om..

Eg traff på nokre ungdommar frå Island, eller Irland, her ein dag. Dei lurte på om eg kunne vise dei kor Xplosif er, og sidan eg er så kjendt i Stavanger no (hehe), så kunne eg sjølvsagt det. Dei fortalde kor dei hadde vore i løpet av dei dagane dei hadde vore her i Noreg. Blandt anna hadde dei vore på Preikestolen. Då sa eg at eg ikkje har vore der, fordi det hadde eg faktisk ikkje! Og dei lo av meg! Spurde korleis i all verda eg kunne bu så nær, men likevel aldri ha vore på Preikestolen. Irlin, Margrethe og eg fann dermed ut at me nyttar fridagen på fredagen til å gå opp til Preikestolen. Og det gjorde me. Jammen meg.

Gud me følte oss sporty der me gjekk. "No ligg nok alle i klassen heime og søv!" sa Margrethe då me byrja på den første oppoverbakken klokka 9 om morgonen på fredagen som me eigentleg hadde fri på.

Så no har eg vore på Preikestolen. Det var kjempegøy, heeilt til me skulle ned att. Då trokka eg over, og forstua foten. "FLOTT," tenkte eg medan tårene rann. "Korleis i all vide verda skal eg kome meg ned den to timar lange vegen på forstua jævla fot!? AU!" Eg prøvde gå ein par meter, men det nyta ikkje. Der kom folk forbi. Mange folk forbi. Dei spurde om det gjekk bra, så sa eg nei, og dei gjekk vidare. Der var nokon som sa eg burde gå meir på han, for at han ikkje skulle stivne, men ikkje faen om eg skulle det. Det var vondt jo! Så kom der nokon. To menn, Lars og Roy. Dei spurde om det gjekk bra med meg, og når eg då sa nei, sa dei: "Hey, hopp opp på ryggen min, så skal eg bera deg ned!" BERA MEG NED FRÅ PREIKESTOLEN!? Men kva skulle eg vel gjera? Sitja der oppe til eg daua? Så eg hoppte oppå, og mannen med sjumilsstøvlane var i veg. Heilt seriøst, dei to som bytta på å bere meg, SPRANG jo nedetter fjellet med meg hengjande som ein sekk på ryggen. Dei svetta, me hadde drikkjepausar, dei sprang, eg vart sliten i hendene, foten vart hovnare og hovnare og Irlin og Margrethe kom pesande etter, redde for at heltane mine skulle stikke av meg meg. Gud for ein tur!

Då me kom ned, ein og ein halv time etter at fallet skjedde, såg me helikopteret. Det skulle eigentleg hente meg, men så var eg jo nede allereie! Men det hadde vore gøy å sitje i helikopter då.. Eg sa tusen, hjerteleg, overaltiverda takk for at mennene orka bere meg ned, og gjorde meg klar til å planlegge korleis eg skulle kome meg heim. Men trur du ikkje at han eine, Lars, tilbyr oss skyss heilt fram til Sandnes Legevakt?

DET ER SLIK NORDMENN SKAL VERE!!

onsdag, mai 28, 2008

Yea

Tida går fort! Kanskje det er på tide å byrje med blogging att? Eg trur det. Eg trur eg har lyst til å blogge att. Berre pass på at eg ikkje vert for personleg, okei? Sei ifrå om eg gjer for mykje. Eg trur nemlig det er det som er problemet, sjølve grunnen til at eg ikkje har blogga på år og dag; eg gjer for mykje av meg sjølv, eg vert rive med for lett, og plutseleg veit heile verda alt om meg og eg ingenting om dei. Det er litt stress. Men altså, no skal eg begynne å blogge att. Jepp. Ønsk meg lykke til (:

Sjå, no får du viljen din, KajaPiraja <3

søndag, februar 24, 2008

Kjersti då..

Eg bestemte meg for å blogge i dag, men eg trur ikkje det blir før i morgon. Eller dagen etter der, me får sjå. Eg har ting eg må prioritere før eg kan setje meg ned, slappe av, skrive og dele livet mitt med omverda. Ting på skulen og ikkje minst teateret må prioriterast. Andreutkastet skal vere inne 1. mars, same datoen som skulesøknadane skal vere inne, tre dagar før bursdagen til søstera til Daniel og 28, eller 27, alt ettersom, dagar før min bursdag. Og andreutkastet må vere mykje betre enn førsteutkastet, spesielt med tanke på at billettar til stykket blir lagt ut for salg i morgon tidleg klokka 9, FORFAEN! Men eg kan lykkeleg meddele at det går framover, eg har det, der inne, no må eg berre få det ut og ned på papiret, nei, tastaturet, nei, ja, faen heller, dykk forstår kva eg vil fram til.

Hm.

Eg vurderar å lage meg ein anonym blogg. Men eg trur ikkje det blir noko av han.

- Eg har fått meg fadderborn, ein liten gut frå Etiopia
- Eg hatar krig
- Eg hatar homofobi
- Eg elskar stearinlys
- Eg har vassblemme på venstrefoten


Eg drit i rettskrivning idag

søndag, februar 17, 2008

Dersom ein tek vekk ein D i ordet HADDE, får ein HADE

Hadde eg hatt hund så hadde han fått mykje mosjon i dag, og heilt sikkert vore både våt og kald no. Hadde eg bestemt meg for å ha med meg ein stor ballong i eit hundeband då eg gjorde meg klar til å gå heimanfrå, så hadde eg allereie vore på veg til galehuset. Hadde nyttårsforsettet mitt vore å trene meir, eller jogge, eller gå tur ein gang til dagen/i veka, så hadde eg vore nøgd i dag, men eg har ikkje nyttårsforsett, så fuck det. Hadde ikkje eg hatt så mykje klede på meg som eg faktisk hadde, så hadde eg fryse då eg gjekk ute. Hadde mine medmenneske sett meg i kveld, så hadde dei ledd, eg såg ut som borna Spøkelseskladden frå Donald hadde fått med ein svart søppelsekk, som dansa magedans bortetter landevegen, syngande på "ooooh aaaah, ooooooooaaaaah, my live be like oooooaaaaaoaoooooa, blablabla!". Hadde eg fortsett å gå i koret frå då eg var lita, så hadde eg kanskje vore flink til å synge. Det er fint å kunne synge. Eg vil vere flink til å synge. Og danse. Og skrive. Og male, teikne, rydde, sortere, mekke, lage, fikse, sy, strikke, planleggje, finne, høyre, trene, spele, snakke, eksperimentere, alt. Hadde eg hatt med meg ei skrivebok og ein penn då eg gjekk ut i dag, så hadde alle dei gode ideane og tankane mine ikkje forsvunne, og eg hadde hatt noko spanande å by på i dette innlegget. Eg hadde aldri kome på å drikke to glas mjølk dersom eg ikkje var ute og fekk for meg at det, det skulle eg gjere når eg kom heim att. Hadde eg ikkje gått på tur, så hadde eg kanskje fått til å gjere noko av det eg faktisk skal gjere, som å skrive teater og naturfagsrapport. Hadde eg ikkje gått tur, så hadde hovudet mitt bokstavleg talt eksplodert og rommet mitt sett ut som eit blodig slakteri (okei, no var eg litt ekkel). Hadde eg visst kven det var så ringte frå din mobil i går kveld, så hadde eg kanskje reagert på ein annleis måte, og sagt det eg ville seie, på ein måte. Hadde det ikkje skjedd så mange personlege, private, hemmelege, merkelege tankar for tida, som eg ikkje vil dele med Kvarmansen, så hadde bloggen min vorte brukt oftare. No er det dagboka som får gjennomgå. Hadde ikkje eg sove natt til i går, så hadde eg ikkje hatt det marerittet som driv med knivstikking og bombing og dreping og ungenapping(kidnapping) og ikkje minst psykologisk terror inne i hovudet mitt. Det omhandla Han, berre så det eg sagt. Hadde ikkje mamma og Tordis gått på besøk til tante i dag, så hadde ikkje eg fått pengar. Men det gjorde dei, så eg fekk løna frå sist barnevakt. Heldigvis, fordi brukskontoen min nærmar seg null i ein farleg fart. Eg har gnagsår, treng nye sko, men orkar ikkje traske rundt i skobutikkar. Eg likar ikkje skobutikkar. Dessutan, som eg sa, så er brukskontoen min snart lik null. Men eg har mykje på sparekontoen min. Fekk skryt av bankdama til og med, sist eg var der og overførte pengar til sparekontoen min. Men ein må ha pengar på sparekontoen når ein skal reise så mykje framover.
Hadde ikkje eg blitt født, så hadde ikkje eg vore her. Så hadde eg aldri vore her. Ingen som nokon gong har sett meg, hadde då sett meg. Alle som har opplevingar og minner saman med meg, hadde ikkje hatt minner og opplevingar med meg. Og tenk om eg blei ein heilt annan! Men det er eg jo ikkje. Heldigvis. Heldigvis? Kanskje.
Hadde eg aldri gått inn på den rare butikken i Stavanger, så hadde eg aldri kome i snakk med ho som arbeida der og dermed aldri fått høyre dei fantastiske songane til Teitur, Kings Of Convenience og The Whitest Boy Alive. Det er merkeleg, litt skummelt men og ganske fint å tenkje på at alt eg gjer, seier tenkjer og føler legg grunnlaget for kva eg kjem til å gjere, seie, tenkje og føle i framtida.

Hadde eg vore litt friskare og ikkje såte meg ned meg teve'en og latt det tomme pjattet frå Disney Channel fylle hjernen min med tull, samt orka å sjå gjennom det etter skrivinga, så hadde eg vore i stand til å skrive eit dødsbra blogginnlegg, på bakgrunn av alt det eg tenkte på då eg gjekk tur. Men det er eg ikkje, og gidd eg ikkje, så blogginnlegget forblir berre teit. Men fuck that.

Hadde eg orka å grave rundt i hovudet mitt etter eit anna ord for hadde, så hadde både eg og mine lesarar vorte glade. Men fuck that. No vil eg dysje og høyre på musikk og skrive i dagboka og legge meg. I morgon skal me på hyttetur. Eg gler meg. Hadde det ikkje vore ferie denne veka, så skulle eg ha stått opp klokka 6 i morgon. Men det er ferie, og eg kan sove så lenge eg vil.

Hadde eg lært meg å skrive kortare, så hadde eg kanskje hatt fleire lesarar. Hm.

Forresten. I følgje ein av veggane på ungdomsskulen der eg gjekk før, så tenkjer treet mykje. Og "Gutt spise ekorn". Hm.

Nokon som orkar telje gongene eg brukte ordet hadde i dette bloginnlegget?

onsdag, februar 13, 2008

Mongo, mongo peanøtter

Eg åt peanøtter i timen i dag, for å hindre meg sjølv i å sovne. Eg er litt meir enn småsjuk, ser dykk, og får då vanskar med å ikkje sovne om eg har det keisamt. Men det får eg ikkje dersom eg faktisk gjer noko medan eg prøver å følje med (les: held på å sovne). Så eg kjøpte peanøtter i midttimen i dag.
Peanøtter av alle ting, tenkjer du kanskje? Jau, eg skal seie dykk det at peanøtter er nokre merkverdige vesen, ingen er like, verken i form eller størrelse, og nokre av dei har tri i staden for to nøtter inni skalet sitt. Det er gøy å ete peanøtter, det er godt å ete peanøtter, det er avansert å ete peanøtter, det er litt spanande å ete peanøtter med tanke på at den neste kan vere dårleg, men eg trur ikkje vaskepersonellet likar peanøtter. Eller, peanøttskal. Eller, meg, skuldige meg, som berre lot laget av peanøttskal dekorere både pulten og stolen og golvet og det meste, som kakepynt i det triste klasserommet.

Her kjem bilete av nokre peanøtter som no ligg i magen min.



Hvor gjemmer konsentrasjonen og motivasjonen seg når man virkelig trenger dem?

Naturfag, naturfag, naturfag. Ikke natur og miljø, ikke nami, men naturfag. Ikke politikk, ikke venner, ikke skuespillerene i "Mannen som elsket Yngve", men naturfag. Øve, øve, øve. Prøve i morgen, naturfagsprøve, selvfølgeli. "Jeg må få det til! Jeg vil ha 4'er!" sier jeg. "Jeg måååå få 6'er!" sier de andre. Jeg får ikke 6'er, sier jeg til meg selv. Men jeg vil ha firer. Minst. Vi er på biblioteket. I Stavanger, det er masse folk her i dag. Jeg vet hvorfor. Vet du hvorfor? Jeg skal fortelle hvorfor uansett om du vet hvorfor eller ikke. Rød løper og journalister og kameraer og førpremiære og skuespillerene i "Mannen som elsket Yngve", derfor.

Naturfagsbøkene ligger oppslått i fangene våre. Ord som DNA og enzymer og bioteknologi og mutasjon og gener og ditt og datt og slike ting som ikke henger på greip inne i mitt lille hode hopper opp og ned og frem og tilbake i boka mi og erter meg, "hahaha, du kan ikke lese meg", roper de, "du kan ikke forstå meg, ædda, bædda, ædda, du får dårlig resultat på prøveeeen!", flirer de. Drittbok. Jeg prøver å lese. Jeg leser. Tygger på ordene. Men de smaker ikke godt, og jeg spytter dem ut igjen sammen med et latterhikst. "Haha, dødsbra!", sier jeg og stapper enda en kjeks i munnen. Svelger ned med kaffe, ja, svart kaffe, uten sukker og melk, i Narvesenkopp. "Fare, varm drikke!" leser vi på pappkoppen etter at Margrethe har brunne seg på tunga. Og leggene.

Naturfag. Les. Pugg! Blæ. "Jeg skjønner ikke'no, jeg!" sier jeg og fletter flette på gardinene. Flytter på puta i ryggen. Andrea kaster bolle på Irlin. Elena sitter på en pute på gulvet og ser drømmende ned på alle menneskene. Hun vil at de skal komme nå. Med en gang. Hun vil se dem, skuespillerene altså, kanskje ta på dem også. "Halloo, få dere et rom, liksom!" sier hun plutselig. Nedfor oss ligger der to ungdommer, en jente og en gutt, på gulvet og lekesloss. Det er valentinsdag i morgen, kommer vi på, og vi forsvinner inn i verdenen av røde roser og hjerter og ballonger og sjokolader og blomsterblader og silkemyke, rosa skyer og øynene Hans og hender Hans og smilet Hans og, og, og... Men bare for et bittelite sekund. "Okei, nå skjerper vi oss folkens!" Irlin prøver å holde seg alvorlig. Andrea ved siden av meg og Margrethe ved siden av henne igjen holder på å knekke sammen i latter. Irlin har bolle i håret. Jeg har kaffe på buksa. Naturfag! "Adenin danner bare par med tymin, og motsatt. Cytosin danner bare par med..." Margrethe avbryter Irlin sitt tapre forsøk på å komme ned side to. Av 40. Eller var det 50? "Jeg må på do! Må noen andre på do? Kan noen være med på do?"

"Den tyggien har hengt der lenge!" sier Andrea når de andre er tilbake. Hun sier det med ansiktet vendt opp mot taket. Jeg ser opp. Irlin, Margrethe og Elena ser opp. Ikke i taket, men på vinduet henger der en tyggi. Naturfag! Jeg burde ha tenkt DNA nå, tenker jeg. Spytt og DNA og kromosomer og adenin og guanin og arvematriell og biologiske spor, jeg kunne ha laget en hel historie om naturfag utifra den tyggien der, men det gjør jeg ikke. Jeg spør det ikke-alltvitende hodet mitt filosofiske og psykologiske spørsmål som "hvordan havnet den der? Hvem kastet den opp? Var personen sint eller glad eller rastløs, var det ei jente eller en gutt, hvor gammel er denne personen? Hvordan smakte den, tyggien? Var den ekkel? Derfor den henger der nå? Er den god nå? Hva skjedde før den hang seg fast der oppe? Hva ble sakt og tenkt i sekundene før den klistret seg mot vinduet? Hvem må ta den ned igjen? Hva kommer biblotekaren eller vaskepersonellet til å tenke når de må skrape ned en tyggi fra et vindu på biblioteket, når der egentlig ikke er lov til å tygge tyggi på biblioteket? Hva hadde tyggien tenkt om den var i stand til å tenke? Hva følte vinduet når tyggien plutselig bare hang der og nektet å gi slipp, domme, domme tyggien? Hvor lenge har den hengt der? Har noen andre sett den? Fra innsiden eller fra utsiden? Hva tenkte de da?". Naturfag. Blikket mitt glir motvillig ned i boka igjen. Men blikket går for langt. Det graver seg ned forbi ordene og meningene og de tørre tankene som står der, graver som en gal helt ned til spørsmålene som spør "denne boka har vært et tre. Hvor sto treet? Kan det hende at barn har klatret i det, bygget hytte i det, kan det hende at ekorn og fugler har bodd i det? Hva med alle insektene? Hva tenker et tre når det blir kuttet ned? Kan tre på en måte tenke og føle? Hva tenkte skogarbeideren på da hun hugget ned treet? Hva hun skulle ha til middag? Hvor mange hender har rørt ved akuratt min bok? Den er ny, men der var fingermerker på den da jeg fikk den. Hvem er de sine?". Jeg klarer ikke skrive ned alle tankene om treet. Da blir jeg aldri ferdig med å skrive, slik at jeg kan vende tilbake til naturfagets mystiske vernen.

"I cellekjernen ligger arvematerialet som 46 lange DNA-molekyler. Et kromosom er et DNA-molekyl som, om det er valentinsdag i morgen?" Vi klarer ikke dy oss. "Ja, det er det, hjelp meg, hva skal jeg kjøpe til kjæresten min?", gisper Andrea. Etterpå så sutter hun på underlippa. Hun ser ut som en gullfisk. Nei. En.. Vet ikke. Men hun er søt, og jeg får ikke til å gjøre sånn med underlippa mi. Jeg ser bare mongo ut og sier at jeg vil ha valentineskort. Og slikkepinne. Og det skal jeg få, låver de. Og jeg skal lage til dem også. Naturfag. Prøve, i to skoletimer, den er viktig. Kjempeviktig, sier de. Jeg begynner å bli litt bekymret. Klarer fremdeles ikke å grave frem konsentrasjonen og motivasjonen. Den har gjemt seg bak alle de andre tankene som svirrer rundt som bittesmå karuseller inne i hodet mitt. Jeg har et sirkus, nei, et tivoli inne i hodet mitt, ikke et lite tivoli, men et kjempesvært tivoli, sånn som man ser i utlandet, sånn med lys og lyd og dukker og bamser og sukkerspinn og oppkast og lykkeboder og musikk og blinking og snurring og spinning og svimle mennesker og elefanter, hunder, hester, slanger, løver og tigre og strutser som gjør triks. Tivoliarbeiderene har kidnappet all min dyrebare konsentrasjon og all min viktige motivasjon. Jeg innbiller meg at de har gravd dem under manesjen. Jeg må flytte elefantene, men først må jeg finne en spade. Margrethe rører i kaffelatten sin med en trepinne. Spade?

De skal lære meg om mutasjoner. Jeg hører bare babbel helt til en eller annen sier at jeg skal lese på side 219. Jeg slår opp på side 219. "EVA SER NÅR OLE SYR," står det der, sammen med en forklaring om at man leser DNA-basene tre og tre. "Dersom bokstaven S blir byttet ut med en annen bokstav, L, så får plutselig setningen en helt annen betydning, EVA LER NÅR OLE SYR. Den er forståelig, den har mening, men er ikke slik den skulle være. Men om man tar vekk alle L'ene, hva skjer da? Jo, EVA ERN ÅRO LES YR... Slik fungerer mutasjon."
"JEG FORSTÅR DET JO!!! Hvorfor må Asbjørn gjøre det så vanskelig, når det ikke er vanskeligere enn det?" roper jeg ut. Kanskje litt for høyt. Tipper biblotekarene sitter bak de gamle dataene sine og vurderer å komme bort å kjefte på oss. "Ja, helt enig! Jeg tror at hvis vi hadde puttet Asbjørn og læreboken i en stor gryte, rørt godt rundt og lukket øynene og ønskt at det skulle bli lettere, så hadde hele faget vært megalett!".

Det har gått flere timer. Flere timer har gått. Forsvunnet. De kommer aldri tilbake. De andre har ikke lært noentingsomhelst, sier de. Vi tuller for masse. Konsentrasjonen til de andre er også gravd ned en eller annen plass. Men de er flinke i naturfag, de kunne en god del da vi startet. Jeg har lært masse, med tanke på at jeg ikke kunne noentingsomhelst da vi startet. "Jeg har lært kjempemasse, med tanke på at jeg ikke kunne noentingsomhelst da vi begynnte", sier jeg mens jeg tvinner trådene fra gardinene bak meg sammen til en spiral. "Se!", sier jeg, "Et DNA, liksom!"



Naturfag. Prøve. Jeg vet jeg har prøve i morgen, jeg vet at jeg ikke kan stoffet. Likevel sitter jeg her, og skriver på bloggen min.

onsdag, februar 06, 2008

Det var den dagen

Dagen i dag var som følger:

Jeg sto opp klokken kvart på åtte, som er to timer senere enn jeg pleier. Herlig.

Mamma kjørte meg til frisøren, eller, til frisørlærlingen, i frisøropplæringsskoleplasstingen på Forus. Hun lagte brudeoppsett på meg, frisøren altså. Tenk, lille, 16 (snart 17) årige meg med brudeoppsett og slør og sminke og alt! Det var litt tidlig, jeg tror ikke jeg skal gifte meg helt enda, selv om at jeg vet om par som gifter seg i denne alderen, men det er mest vanlig i USA. Såklart USA. Men det ble jo fint, da, oppsettet. Og sminken. Jeg likte det. Og gikk med det på skolen (som ikke begynte før klokken halv 1). Det syntes frisørlærlingen var rart, fordi hun aldri hadde turt å gå med håret slik på en vanlig skoledag.

Så skulle jeg ringe barnehjemstjenesten i stavanger fordi jeg vil være støttekontakt, tror kanskje at jeg må sloss litt for å få det til siden jeg er under 18, men så glemte jeg å gjøre det.

Så kom jeg til skolen. Klokken halv ett. Og skulle ha matte. Men så møtte jeg norsklæreren min i gangen som sa at jeg måtte sjekke Its Learning, vi hadde nemlig fått tilbake tekstene vi leverte på fredag, jeg hadde fått tilbakemelding på essayet om kjærlighet (
Jeg elsker deg! Tror jeg.. Eller?), og, wææ, jeg fikk bra! Jeg var ikke fornøyd i det hele tatt, og fikk dritbra karakter og tilbakemelding jeg kunne grått for! Det var gøy. Sykt gøy. Jeg elsker å skrive. Nå gleder jeg meg bare enda mer til å skrive artikkelessayet om psykologi, selv om at jeg vet at jeg kommer til å få problemer med å holde meg innenfor de gitte sidene. Og så gleder jeg meg til å skrive mer på teateret, ikke minst! Vi skal møte forfatterne i helgen. Lørdag og søndag. Eller var det bare lørdag? Jeg husker ikke. Men vi skal møte dem. Snakke med dem. De skal snakke med oss. Gi oss tilbakemelding på det vi har levert. Jeg gruer meg. Men jeg gleder meg mest.

Etter to mattetimer hadde vi naturfag, forsøk, vi skulle finne ut hvilken blodtype vi er. Jeg er B+. Jeg tror det bare er 8% som har den blodtypen, og nå er jeg gira på å gi blod. Men faen, man må være 18. Tror jeg. Hvorfor er ikke jeg 18? Det hadde vært så greit! Da slapp jeg å sloss for å bli støttekontakt, jeg hadde kunne gitt så mye blod jeg bare orket, jeg kunne gått inn på favorittkafeen min etter klokken 7, jeg kunne så masse dersom jeg bare var to år eldre nå. Jada, jada, jeg kan jo gjøre en hel nå også, men likevel.

Så tok jeg bussen. Etter skolen, altså. Jeg liker å ta bussen. Nesten uansett. Aller best når jeg har noen å snakke med, kjente eller ukjente, men også når jeg kan forsvinne inn i min egen verden med musikk og skrivebok og penn og tanker. Jeg liker å ta bussen, selv om at jeg gjør det (nesten) hver dag. Også i dag. Jeg skulle til tante, male vegg. Men da jeg gikk av bussen og skulle krysse gata litt lenger oppe i veien, så skjedde der noe. De kræsja. HVIIN, BÆNG, SMÆÆSJ, SKRIIIK, sa det. To biler kræsja rett foran meg, ikke mer enn to meter fra der jeg sto. Det var så nære! Hadde jeg lagt meg ned i veien, hadde hodet mitt akkurat ikke vært borti bilene. Jeg sto og så på dem, var akkurat ferdig med meldingen jeg skrev, så opp, og så to biler kræsje, den ene i baken på den andre. Jeg så det seriøst i "slow motion". Tenk om jeg, eller noen andre for den saks skyld, hadde gått de tre-fire skrittene ut i veien akkurat da! Jeg er heldig stoppet, jeg klarer ikke gå og skrive melding samtidig, og måtte stoppe før jeg skulle gå over veien. Heldig!

Jeg var litt sjokka. Skalv litt på hendene. Det var skummelt, for faen! Men det gikk bra med alle sammen, bortsett fra bilene. Så vil jeg tro at sjåførene var litt skjelvne, mn ingen ble skadet. Heldigvis. Så jeg gikk fort til tante, fikk en klem og malte veggen blå og grønn og mørk turkis. Det var bra. Digg. Fikk te, og mat, og prat og det var bra.

Så var jeg på møte. Lenge. Men det gidder jeg ikke skrive om.

Når jeg endelig kom hjem, så var jeg trøtt. Jeg orket ikke snakke i ett sett i to timer, slik som jeg gjorde på tirsdag, selv om at jeg hadde veldig mye å fortelle om. Dessuten tror jeg ikke verken mamma eller broren min (som hørte på meg på tirsdag) var så veldig gira på å få ørene ødelagte en gang til. Så jeg la meg. Etter å ha skrevet en hel del, både her og i dagboka mi.

Det var min dag. Skjedde det noe spennende med deg i dag?

mandag, februar 04, 2008

Omtrent alt det kule skjer når ein søv

Me flytta saman, Nora, Irlin, Andrèa , Simon og eg. Eg hugsar ikkje kvifor, men eg veit det var eg som drog det i gang. Me flytta inn i ein leilegheit med 4 rom. Bad, stue og kjøkken og gang i eit, og to soverom. Eit stort soverom og eit lite soverom. Nora fekk, nei, ho tok, det store, himmelhøge soverommet, med dobbelseng og to gedigne klesskap, me andre fekk det vesle, det med eit knøttlite klesskap. Me hadde køysenger, saman med dei kvite trestolane, dei grøne gardinene i takvindauga i stua og dei gule flisene på det pittelitle badet, kom mei leilegheita. Det var skråtak over alt, ingenting var som det plar vere i normale hus, i normale leilegheiter. Eg trur at til og med veggane var skeive. Eg trur det var derfor eg ville flytte dit. Det var litt kult, liksom. Litt alternativt. Men det var liten plass til 4 stykkjar på eit soverom, det må eg ærleg innrømme.
Me krangla allereie første dagen, den dagen då me hadde henta tinga våre heime og ville flytte inn. Eller, dei andre gjorde det, krangla. Om korleis me ville ha det. Korleis det skulle sjå ut. Kva fargar me ville ha på veggane, og om me ville ha skapdører eller gardiner framføre kjøkenskapa. Dei vart ikkje einige. Eg sa at eg ikkje ville ha dei kvite stolane kvite, og at me måtte få oss eit bord som sto i stil med stolane. Eg ville nemleg gjere noko med dei, noko som eg såg på eit norsk oppussingsprogram på teve. Eg ville lime avisutklipp og bilete frå ymse blader og bruke fargar og ord og sitat og uttrykk og gjere stolane gøy, før så å lakkere dei slik at kunsten min ikkje ville gå av, at det ikkje ville flasse av. Dei andre ville ikkje at eg skulle gjere det, men eg gjorde det likevel. Så kjøpte eg eit bord på IKEA som eg gjorde det same med, berre at eg lakkerte det med glas i staden for lakk, slik at det var mogleg å vaske bordet. Simon sa nemleg at han plar grapse med maten. Så syntes dei andre at det var litt kult likevel, og plutseleg var alle i gang med å klippe ting ut or gamle aviser og blader og lime det på veggane og klesskapa og kjøkenskapa (fordi me fann ut det såg teit ut med gardiner på kjøkenet). Nora kjøpte tapet i forskjellige lillanyansar og tapetserte heile rommet sitt med lilla tapet, men me fekk ikkje lov til å sjå det. Dessutan kom ho til tid og annan ut og henta alt det lilla ho kunne finne i det store bunken av utklipp me hadde. Eg måtte gi frå med utklippet av den lilla hunden som eg så gjerne ville ovanfor komfyren.
Eg ville òg at den eine veggen, den inne ved kjøkenet med det vesle luftevindauget ut mot fjellveggen skulle vere grå. Der ville eg at det berre skulle vere grå bilete og avistekst. Det ville dei andre og. Den eine overskrifta på den veggen var ”Kven er president Bush, og kvifor er han ein slik drittsekk?” Eg trur det var Simon som limte den opp.
Så sa Andrèa at det ikkje skulle vere lov til å røykje i leilegheita vår, men det var ikkje noko problem, sidan ingen røykte. Derfor kasta me det gule oskebegeret med grøne vepsar på, som ein av oss hadde hatt med oss, i søppelet. Den ekstremt alternative naboen vår plukka det opp litt seinare på dagen.
”Men kven skal lage mat?” sa Andrèa etter eit par dagar. ”Eg kan ikkje lage mat”, sa eg. ”Eg kan ikkje lage mat”, sa Simon. ”Alle må lage mat”, sa Nora. Så laga alle mat likevel, på tur sjølvsagt, fordi det var det mest rettferdige.
Då eg var på do, så oppdaga eg at eg ikkje likte gule fliser, fordi dei skjer i auga når eit sit på do eller skal dysje. ”Eg likar ikkje gule fliser, fordi dei skjer i auga når eg sit på do eller skal dysje!”, sa eg til dei andre. Me ville heller ha kvite med blå fiskar på. Og det fekk me av den alternative naboen, som ikkje ville ha fliser på badet sitt lengre. Så gjekk brannalarmen, men det viste seg berre å vere telefonen min i den verkelege verda som prøvde å rive meg ut or fantasiverda.

søndag, februar 03, 2008

Ryktene på strømboks-tingen

Skal me høyre på ryktene på strømboksen på Stangeland, så er altså
1- (ein eller annan) Jonas asj
2- og Torgeir ein eller annan sin dear.
Haha. Ha. Faktisk.